Torsdag
13. november vart det ein festdag for elevane på Hjelle skule.
Då
kom vi sanitetsdamene med skulelunsj til elevar og tilsette ved skulen.
Dette
gjer vi kvart år, og i 2014 var det Hjelle sin tur.
Eit
bugnande lunsjbord vart dekka i foajeen. Der var det berre heimebaka, grove
rundstykke/brød. Pålegget var sunt og nærimgsrikt. Ikkje noko søtt pålegg
her! Frukt og grønsaker var det
også rikeleg av. Elevane
forsynte seg og gjekk tilbake til klasserommet og åt.
Dei
hadde ei svært fin framferd og skrytte av maten vår og takka pent. At dei likte
maten, var det heller ikkje nokon tvil om, for vi fylte stadig på fata. Det
er ganske mykje arbeid med desse skulelunsjane, men det er eit kjekt arbeid, og
vi er mange som stiller opp. Vi
har fått ganske god erfaring etter kvart, så arbeidet går greitt. Og så har vi
det kjekt i lag!
Rektor,
Dag Inge Dæmring, takka for alt vi
gjorde for elevane og ynskte oss velkomne tilbake.
Og
vi sanitetsdamene tok oss ein velfortent pust i bakken på heimkunnskapsrommet,
drakk kaffi og planla neste stunt som alt blei på fyrstkomande måndag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar