Sanitetsdamene
brukar å gå torsdagskveldsturar. Då hausten kom, måtte vi legge turane til sein
ettermiddag
Men
så – så kom en nye gang- og sykkelvegen langs E 39 frå Klokkargarden til
Hjellekrysset! Då venta vi til kvelden pga godt gatelys, og ikkje minst fordi
det denne torsdagen 6. november, var fullmåne!
10
damer stilte opp godt utrusta med
refleksvestar, sjølvsagt. Vi starta i vest og gjekk austover. Men dette
var no så kjekt at vi blei litt øsne og gjekk heilt til endes. Tenkte nok ikkje
på at det var like langt tilbake.
Og
som alltid når sanitetsdamer er på tur: Mat og kaffi var med, og vi hadde oss
ei skikkeleg kosestund i eit busskur. Busskur er ein fin kvileplass – ikkje
berre for dei som ventar på bussen!
At
vi kan hende var litt støle neste dag, nemner vi ikkje noko om. Vi hadde det
kjekt,og turen kan anbefalast til andre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar