onsdag 19. november 2014

VEGOPNING

Måndag 17. nov. 2014 vart den nye gang – og sykkelvegen langs E39 frå Klokkargarden i vest til Hjellekrysset i aust opna. Det var stor festivitas med alle som hadde hatt prosjektet å gjere. I tillegg var bygdefolk, alle skuleborna frå Hjelle og nokre klasser frå Nordfjordeid innbedne.

Skal det vere fest, må det mat og drikke til Og då veit kommune og Statens Vegvesen at det er nokre som alltid greier slike utfordringar: Sanitetskvinnene!

Vi svara sjølvsagt ja. Denne gongen vart det ikkje grovbrød og sunt pålegg. Nei, no var det søte kaker og sveler i rikt monn. I tillegg saft og kaffi.
Vi hadde ikkje heilt oversikt på kor mange som kom, men vi laga til mykje mat. I strålande haustver rigga vi oss til ved brua med langt langbord dekka med kakefat og drikke.

Alle sanitetsdamene stilt i N.K.S. refleksvestar, så vi synte godt igjen.
Talene var mange. Alle skrytte av vegen, og jammen skrytte alle av oss som stilte med mat også. Snora vart klipt, borna frå dei to skulane song og alle åt seg visst gode og mette.

Ein stor dag for bygda! Ein stor dag for folkehelsa! Ein stor dag for tryggleiken til store og små som skal ferdast langs den sterkt trafikkerte E39!

Og vi – vi tykte det hadde vore ein kjekke dag. Denne gongen fekk vi i tillegg pengar i kassa for det vi gjorde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar