mandag 9. desember 2013

Sesam møte mandag 9.desember 2013

I kveld skulle vi til Måløy for å bowle. Men værmeldingane for Måløy var ikkje gode. Kuling og regn frista ikkje for bilkøyring. Vi hadde plan b klar: julekakebaking. Kari Hjelle stilte med oppskrift over serinakake. 12 av våre invandrerkvinner kom. Så vi var 15 Sesam damer som hadde ein flott kveld saman.
Her ser du nokre bilder frå kvelden. Kakene blei flotte og kjempegode. Mange fekk med seg oppskrift og vil prøve  seg også heime.
Så var det å følge med steikinga. Ikkje for mykje, ikkje for lite!
Fornøgde? Ja, kakene blir fine.

 Helene og Nora leser oppskrifta og lærer kvarandre, på norsk, korleis dette skal gjerast.
Nora og Khadilja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar