tirsdag 3. desember 2013

Medlemsmøte, adventsmøte 3.desember 2013

Tirsdag 3. desember var 30 sanitetskvinner frå Nordfjordeid samla til medlemsmøte, adventsmøte i Kulturhuset Gamlebanken. Fleire nye medlemmer kom og dette var spesielt kjekt. Adventsmøte er ein gammal tradisjon som foreninga held vedlike.
 
 Nydelig god, heimelaga risgraut sto på menyen. Med alt tilbehør, sukker, kanel, smør og rosiner til. Og rød saft. Så var det kaffi og resten av jubileumskaka, marsipankaka, som hadde venta i frysen. I kveld skulle den spisast opp.

Nissen kjem alltid med gåver til alle. Kvar gåve har namn på og ei personleg helsing. Nissen ville bli medlem av denne flotte foreninga. Nissen hadde til og med rød knapp på seg. Han fortalte at han hadde stor sans for at sanitetskvinnene er til for andre og ser kven som treng dei mest, til ei kvar tid. Slik har det alltid vore. Det viser historia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar