mandag 17. juni 2024

God Start strikk.

 500 huer og lestar:

God Start strikk, Nordfjordeid Sanitetsforening, har i dag, torsdag 13.juni, besøkt God Start avdelinga ved Nordfjord Sjukehus og hadde med seg 12 nystrikka huer og lester som gåve til dei nyfødde borna. Det var mest eit lite jubileum, dette fordi at sidan 2016, har saniteten no levert 500 slike pakkar til sjukehuset.
Seksjonsleiar/jordmor Silje Fraas Øren, var svært takksam for gåva, og kunne fortelje at dei til no i 2024 har hatt 81 nyfødde innom avdelinga, mot 91 i heile 2023. Det må vi seie er ei flott utvikling som lovar godt.
Dei som er med på bildet, er frå venstre: Silje Fraas Øren, Gerd Fløde Bjørlo, Ragnghild Bjørlo, Aud Nordpoll og Heidi Fortun.
Foto: Privat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar