søndag 17. juni 2018

Medlemstur Fjorden rundt, 16.juni 2018

Laurdag 16.juni var det klart for medlemstur: Fjorden rundt. 20 sanitetsdamer var med i 5 bilar.
Det var ein flott tur, også når det gjaldt veret. Etter dagar med regn og sterk vind, skein sola opp.
Første stopp var Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Der var det bestilt kaffi og natronkake. Deretter omvisning med guide rundt i nokre av dei fine, gamle husa på området.
Vidare bar det til Stardalen. Først køyrde vi innerst inn i dalen for å sjå oss om. Deretter var det lunsj/middag på Stardalen Sommarkafe. Nydelig mat og kjekk betjening! Kan anbefalast.
Heimover køyrde vi over Utvikfjellet. Kaffistopp på Kråka, rasteplass mellom Olden og Loen.
Tusen takk for turen til flotte sanitetskvinner på Nordfjordeid :-).
Vi gler oss allereie til neste år og medlemstur!

 Frå Nordfjord Folkemeuseum
 Frukostkaffi på Nordfjord Folkemuseum

Kaffi og kake på Kråka. Rasteplass mellom Olden og Loen.
Takk for turen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar