Det vart ein engasjert og fin kveld på alle måtar. 8 av våre medlemmer av Språkgruppa kom og fleire tok ordet med sine synspunkt på korleis det var å kome til Norge og Nordfjordeid. Og med både ris og ros til Eid kommune. Men alle synes det er godt å bu i kommunen vår. Kunne vi alle bli litt betre til ivareta våre nyinnflytta, både vaksne, born og ungdomar.
tirsdag 10. april 2018
Medlemskveld om integrering
40 deltakarar kom til medlemsmøtet vårt 5.april på Rådhuset. Desse kom frå politiske parti, frivillige og kommunale etatar utanom våre eigne medlemmer. Tema var Språkvenn - integrering av minoritetskvinner i Eid kommune. Til å informere om N.K.S. generelt og om basisaktiviteten Språkvenn spesielt, var det Anniken Førland Schwamborn, rådgjevar for integrering og mangfald i N.K.S. som formidla. Liv Stokkenes Jacobsen orienterte om Språkvenn gruppa i Nordfjordeid Sanitetsforening.
Anniken Førland Schwamborn
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar