mandag 30. april 2018

Kløvertur torsdag 3. mai 2018.

Torsdag 3.mai skal vi bruke Kløvertur til å vere med og plukke plast og søppel. Møt opp kl 17.00 ved Ingridtun. Ta med mat og kaffi/drikke, det blir sjølvsagt ei pause.
Ta på N.K.S. vesten og hugs hanskar.
Velkomen!

Her er nokre bileter frå den fine Kløverturen 26.april. Den gjekk på den nye skogsvegen på sørsida. Frå Rotihaug og vestover.
Fotograf er Liv Stokkenes Jacobsen
 Fin turgjeng.
 Vegen går oppover og nedover og rett fram :-)

Litt regn og litt "surt" inne i mellom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar