Det var utdeling av julegåve, som i år var Kløvertursitteunderlag. Leiar Liv Stokkenes Jacobsen hadde eit kort resyme over alle aktivitetar foreninga har vore med på denne hausten. Det er ikkje lite! Ho orienterte om landsmøtesaker som kjem til høyring og om valet som skal vere på Landsmøtet. Liv Øverland orienterte om valet til årsmøte i februar. Frist for innsending av forslag er 15.desember. Jorunn Hjelle delte ut diplom til alle som har gått minimum ein Kløvertur i 2017. Åresal var det også, sjølvsagt. Avslutta med Deilig er jorden.
God jul!
Jorunn har laga eit flott diplom. Kjekt å få!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar