Nordfjordeid Sanitetsforening med ny Rollup
Mange besøkte standen vår og mange fekk besøk frå oss. Alle politiske parti som hadde stand ikkje langt unna, fekk røde knappar og kjennskap til vår sak Vold mot kvinner. Mange unge jenter fekk ny kunnskap om det å bruke stemma si ved dette valet. Brosjyrer vart delt ut. Trur vi nådde mange i dag.
Sanitetskvinnene frå Nordfjordeid var særs nøgde med dagen.
Ingen stand utan kaffi og vaffler. Her er Kari Hjelle i sving
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar