mandag 5. november 2012

SESAM møte 5.november 2012

14 damer og ein kjekk 4-åring, var samla på Helsestasjonen i Eid kommune 5.november 2012. Først var det fysisk aktivitet. Ein litt lengre spasertur med dei nye sanitetsvestane på. Refleksvestar må vi  alle ha på oss for å kunne gå ute i dei mørke haust/vinterkveldane.
Helsesøster og sanitetskvinne Grethe Sandven, orienterte om helsestasjonen og tilboda der. Helse, kosthald og det å halde seg i god form var også tema. Kaffi, mineralvatn, vatn og frukt vart servert. Praten gjekk livleg og som alltid når SESAM gruppa er samla, var det hyggelig og kjekt. Ei flott gruppe damer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar