onsdag 12. oktober 2011

SESAM gruppe

Nordfjordeid Sanitetsforeninga oppretta i 2010 SESAM gruppe
SESAM er eit tilbod til invandringskvinner i Eid kommune. Nordfjordeid Sanitetsforening inviterar til ein uformell møtestad.
SESAM står for Styrt Engasjerande SAMtale og vil være ein møtestad for invandringskvinner frå alle kulturar. Gjennom SESAM ynskjer vi å invitere kvinner for å praktisere norsk, lære om norsk kultur, andre kulturar og bygge nettverk. På møtekveldane vil vi ha ulike aktivitetar og tema.
SESAM skal vere ein stad der kvinner møter kvinner og samtaler rundt det kvinner er opptekne av.
Møtene vert halde på Elvabøen kl 18 - 20
Tysdag 16.august
Tysdag 20.september
Tysdag 25.oktober
Tysdag 29.november
Tysdag 06.desember blir det adventsmøte i Kulturhuset Gamlebanken saman med medlemsmøte

Vi ynskjer våre invandringskvinner velkomne til SESAM!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar