Nordfjordeid Sanitetsforening på tur
Laurdag 21. august drog 21 sanitetsdamer frå Eid på tur til Olden. Turen gjekk over Panoramavegen, med frukost stopp på Ulvedal. Deretter til Briksdalen. Der var det høve til å handle suvenirar. Tilbake i Olden var det middag på Singerheimen og omvisning i huset og på eigedomen. God mat og hyggelig vertskap! Ein flott eigedom med ei spanande historie om herr og fru Singer og livet deira i Olden. Heimturen gjekk over Stryn og ein siste kaffistopp på Kjøs. Ein fantastisk fin tur. Den sola som var denne dagen skein på sanitetsdamene, god temperatur , så vidt eit lite dryss av regn. Takk til damene for ein fin tur - og til den flinke sjåføren
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar