Torsdag 11.august var det klart for medlemstur til Hotell Union, Øye. Som dei fleste dagane har vore denne sommaren, var det regn, men varierande, lite, litt meir. Temperaturen var ikkje så aller verst. Første stopp var Hornindal. Der møtte Brynhild Lund Notøy oss og viste oss rundt i den flotte sansehagen til sjukeheimen. Eit stort og flott arbeid Hornindal Sanitetslag har lagt ned, og framleis legg ned her. Så var det vidare til Groparken og omvisning på den tidlegare Gro fabrikken. Kven hugsar ikkje Gro kjolane! Bjørn Lødemel fortalte om det frivillige arbeidet som no blir lagt ned for å skape nytt liv i fabrikken. Riktig fint har det blitt der med møterom og plass til arrangement. Området rundt er ei verkeleg perle. Turgjengen hadde frukostkaffi og kaffimat ute i eit stort fint partytelt. Opphald frå regnet blei det og


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar