mandag 3. januar 2022

Godt Nytt År!

 Det har vore eit annleis år for oss alle. Men trass i pandemien, har medlemmane i Nordfjordeid Sanitetsforening greidd å gjennomføre fleire gode, kjekke aktivitetar. Så er vi lei oss for mykje som måtte avlysast. Gjennom heile året har medlemmar stilt opp som vaksinevakter. Tusen takk til ei flott Omsorgsberedskapsgruppe! Det har vore kløverturar, Fastelavnsris, markering av verdensdagen for psykisk helse, Språkvenn, babypakkar til God Start, årsmøte både lokalt og på fylket, Landsmøte blei digitalt og vi frå Nordfjord samla oss i Selje.To fine dagar blei det, sjølv om vi så gjerne skulle opplevd Landsmøtet i Tromsø. N.K.S. markerte 125 år. Her i Nordfjord markerte vi dette på Nordfjordeid. Selje, Bryggja, Kjølsdalen og Nordfjordeid Sf. Tusen takk til alle medlemmer som har stilt opp dette året, som har støtta opp om foreninga vår på ulike vis. Det har betydd uendeleg mykje for oss. Takk til alle vi samarbeider med. Styret for Nordfjordeid Sanitetsforening sender dei beste ønskjer om eit Godt Nytt År til dykk alle


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar