mandag 7. juni 2021

Kløverstafetten 2021.

 Norske Kvinners Sanitetsforening 125-ÅRS JUBILEUM: Kløverstafetten 2021.

Kløverstafetten er eit lavterskeltilbod for alle lokalforeningar der vi saman gjennom jubileumsåret skal frakte ein stafettpinne frå sør til nord.

Ikkje la ordet «stafett» skreme deg på nokon måte. Turruta  blir uforma med omsyn til at alle skal kunne delta og er basert på gåing og ikkje springing. Difor er målgruppa i utgangspunktet alle som ønskjer å kome seg ut på tur saman med andre i sitt lokalsamfunn. Noreg er eit langstrakt land og sjølv om Sanitetskvinnene er mange og spreke, så vil det på enkelte etappar bli brukt andre transportmidlar som sykkel, båt, bil og fly. Kløverstafetten er finansiert av Stiftelsen Dam»

 Her i Stad kommune har Selje, Bryggja, Kjølsdalen og Nordfjordeid Sanitetsforeningar samla seg om ei markering i Sagaparken og ein Kløvertur gjennom Eidsgata. Vi vil også overlevere stafettpinnen vidare.

Hugs avstand og registrering.

 Velkomen til

Sagaparken laurdag 12.juni kl 13.00

Program:

-      Hjelle skulemusikk spelar

-      Velkomen til markering, helsing frå Selje, Bryggja, Kjølsdalen og Nordfjordeid       Sanitetsforeningar ved Liv

-     Helsing frå Elisabeth Flo, prosjektleiar i N.K.S. for Kløverstafetten

-     Helsing frå Ordførar Alfred

-     Hjelle skulemusikk spelar

 

       Kløvertur Sjøgata – Eidsgata – Sjøgata til Sagaparken.

-     Overlevering av stafettpinnen til Hornindal Sanitetslag

 

Det blir stand og info om Norske Kvinners Sanitetsforening.

Fint om medlemmane tek på seg den gule Kløver-/sanitetsvesten. Heile markeringa  vil ta ca 2 timar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar