Selje, Bryggja, Kjølsdalen og Nordfjordeid Sanitetsforeningar takkar ordførar Alfred Bjørlo for den fine tala han heldt for oss.
Hurra for Norske Kvinners Sanitetsforening – og gratulerer med 125-årsjubileet!
I dag hadde eg gleda av å halde helsingstale til nær 60 sanitetskvinner frå Nordfjordeid, Kjølsdalen, Bryggja og Selje – som i lag markerte Kløverstafetten 2021 på Nordfjordeid.
Sanitetskvinnene er Noregs største kvinneorganisasjon. Dei gjer ein uvurderleg frivillig innsats for å betre kvinners helse og livsvilkår – og skape trygge lokalsamfunn og god oppvekst over heile landet.
I Stad kommune er vi så heldige å ha fire aktive sanitetsforeningar: Nordfjordeid Sanitetsforening, Bryggja Sanitetsforening, Selje sanitetsforening og Kjølsdalen Sanitetsforening. Dei fortener alle ein inderleg takk for innsatsen dei legg ned året rundt for gode lokalsamfunn for oss andre.
Eg sa i mi helsingstale at eg er særleg glad for at Sanitetskvinnene i jubileumsåret løftar tungt fram temaet Kvinnehelse.
Helse-Noreg er ikkje likestilt. Mykje medisinsk kunnskap bygger framleis på studier av menn. Ofte veit vi rett og slett ikkje nok om kvinners sjukdommar – og kvinnesjukdommar har jamnt over lågare status i forsking og helsepolitikk.
Her reiser no Sanitetskvinnene kampfana. Og då blir det trøkk i det. 125 års kamprøynsle for kvinners plass i samfunnet kjem godt med – all mulig hell og lukke vidare til Sanitetskvinnene!
Også kjekt å helse på ein vaskeekte Nordfjording som er hovudkoordinator for Kløverstafetten nasjonalt: Elisabeth Flo frå Stryn!
171
Antall personer nådd
32
Engasjement
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar