mandag 11. mai 2020

Kløvertur torsdag 14.mai.


Hei!

Det er kjekt å få lov til å melde frå om at vi no prøver oss med Kløvertur igjen.

Oppmøte ved Ingridtun torsdag 14.mai kl 17.00. Det blir ein tur i, eller rundt sentrum. Vi kan ikkje legge opp til turar der vi må bruke bil med fleire passasjerar.

Ta med kaffi/-mat til deg sjølv. Ta gjerne med flagg i sekken!

Det er lov no med 20 i gruppe, 1 m avstand, handvask, (ta med Antiback), bli heime om du er sjuk. 
Det er dei overordna reglane som gjeld og det greier vi. 
På vegne av Kløverturnemnda, helsing Liv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar