søndag 4. august 2019

Medlemstur 22.juni 2019.

22.juni var det klart for medlemstur. Sjølv om veiret ikkje var meldt det aller finaste, så var det slett ikkje så verst. Kuling på Vestkapp, men eit fint stopp der på Vestkapp Restaurant, med kaffi , belgiske vafler og is. Lunsj, nydelig fiskesuppe, på Furebuda etter ein stopp i Ervika. I Selje stoppa vi og var hos Inger Lise til kaffi. Ho hadde invitert oss alle til besøk heime hos seg i leiligheita dei har i Selje.
Til sist stoppa vi ved Flatraket. Utsikta der må berre nytast. Vi var slett ikkje så uheldige med veiret. Litt sol inne i mellom fekk vi :-)

For ein fin tur! Takk alle som var med.
 Vestkapp Restaurant.
 Utsikt til Honningsvåg.
Ervik

Furebuda

 Kaffi hos Inger Lise.
 Må ha eit gruppe bilete!
 Takk for fin tur!!
Litt "drøs" før vi køyrer siste del av turen. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar