torsdag 23. mai 2019

Ringeøving-Omsorgsberedskapsgruppa.

22.mai 2019.

I kveld hadde Omsorgsberedskapsgruppa i Nordfjordeid Sanitetsforening ringeøving med oppmøte på Firda Kaserne. Oppgåva var mat til leitemannskap. Av 27 medlemmer i gruppa møtte 20 på mindre enn ein halv time. Fantastiske damer! Dei som ikkje kunne kome, hadde vi kontroll på. Alltid nokon som er bortreiste, sjuke eller som kunne ha kome seinare på kvelden. Vi drakk kaffi, Aslaug hadde steikt nydeleg kringle til oss, og så fekk vi snakka litt om Omsorgsberedskapen. Det vart ei triveleg stund, stolte som vi var at alt hadde fungert, og glade for at det var berre øving denne gongen også. Stor takk til HV 11 som let oss få låne Firda Kaserne. Godt å sjå at samarbeidet med Heimevernet er fungerer. Takk dyktige Sanitetsdamer i foreninga/gruppa vår. Ragnhild Bjørlo.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar