onsdag 24. august 2016

Opning av grillhytta i Fladalen.

Tysdag 23.august 2016 var Nordfjordeid Sanitetsforening invitert til markering av opninga av den nye grillhytta. Dette då fastelavnrispengane, 2015, og pengar frå Selma Heggen sine pårørande som vart gjeve til oss, vart bestemt skulle gå til Fellesanlegget Tua og ny grillhytte. Selma var glad i Stigedalen. Så det er fint å vite at ho no er ein del av dette fine fritidstilbodet. Eit bidrag til fysisk aktivitet for unge og gamle. 24 sanitetsdamer tok turen.
Det var ein varm, fin kveld. Alle som har bidrege til at hytta no er på plass, hadde teke i mot innbydinga. Grillmat, kake og kaffi. Flott kveld.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar