tirsdag 1. desember 2015

Adventsmøte 1.desember 2015

I kveld var det adventsmøte og siste medlemsmøte i 2015. 23 medlemmar kom. Det var tenning av adventslys. "Tenn lys" vart songe. Utdeling av diplom til alle som har vore med på gåturar dette året. Takk til Jorunn og Aud som har stått for dette fine tilbodet. Ragnhild leste Julekveldsvisa. Så var det risgraut med mandel og alt som elles  høyrer til. Kaffi og pepparkaker etter den gode grauten. Så kom julenissen i år også! Med gåver til alle damene. N.K.S. pin hadde nissen med. Det var åresal med mange fine gevinstar. Møtet vart avslutta med Deilig er jorden. Eit fint møte i god tradisjon. Styret takkar alle medlemmane for det gode arbeidet som har blitt utført i 2015.
Liv Ø som fekk marsipangrisen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar