Laurdag 18. oktober hadde
vi vår årlege basar i Betania. Men fyrst hadde vi selt lodd i Moengården under
Eidadagane og i veka før basaren. Då får vi selt mykje lodd og kjem i kontakt
med mange. Dette er god marknadsføring av
N.K.S.
Stemninga på basaren var
god. Vi har fått eit godt ord på oss no. Folk veit at vi har god, heimelaga
mat, at vi har fine gevinstar, at åresala er gode og at Eid Barnekor kjem og
syng. Når då folk kosar seg og pratar, ja, "soljen" går, så har du
god gammaldags basarstemning!
Vi kan ikkje nemne alt som
var til utlodning, men utvalet var stort og variert.
I tillegg fekk vi inn mykje
pengar som går til gode formål.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar