torsdag 4. desember 2014

ADVENTSMØTE


Tysdag 2. des 2014 var det tradisjonelt adventsmøte i Gamlebanken.Det var fint og stemningsfullt pynta i lilla og med mykje lys. Frammøte var godt, og etter ei velkomsthelsing framførte Anne Linløkken Alsaker  ”No har vi vaska golvet” - Alf Prøysen si vakre tolking av juleevangeliet. Som vanleg på adventsmøtet, var det også i år risengrynsgraut med mandel i. Og vi vaksne damer blir jo som born igjen når vi forsiktig smakar oss fram til mandelen. Den heldige finnar av mandelen. og dermed også vinnar av marsipangrisen, vart i år Solfrid. Det såg ut for at grauten med tilbehør smakte, for heldigvis  vart skålene nesten tømde.


Men julenissen kom på besøk også. Vi har våre kontakter, så om han har det travelt i førejulstida – han legg alltid turen innom Gamlebanken når han veit at sanitetskvinnene har adventsmøte. I år hadde han med ei flott gåve: Alle fekk ein N.K.S. refleksvest! Så dyr gåve har vi ikkje fått før, men der var tre moment som låg bak: 1. Takk for alt flott arbeid som medlemmane har gjort dette året. 2. Helsegevinst – vi må kome oss ut å gå og ta vare på helsa vår. 3. Tryggleik – hugs å bli sett.
Så hadde vi kaffi og peparkaker, og praten gjekk. Og sjølvsagt åresal.

Til slutt song vi Deilig er jorden og  ynskte kvarandre ei fin adventstid og ei god jul.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar