tirsdag 2. desember 2025

Advent-/medlemsmøte tysdag 2.desember 2025.

 Styret ønskjer velkomen til advent-/medlemsmøte på Rådhuset tysdag 2.desember kl 19.00-21.00.

Dette blir siste møte i 2025 ☘️

fredag 31. oktober 2025

Kløvertur torsdag 30.oktober 2025.

Tusen takk for alle fine Kløverturar i 2025.

☘️ Siste tur for denne hausten.
Det vart ei fin avsluning i Jektehola, der vi hadde leigd Vaskehuset. Vi starta med tur rundt Eidselva, ei magisk oppleving med smak av vinter og berrfrost❄️
Etter turen vart det servert pizza inne i vaskehuset som vart spandert frå Kløverturbudsjettet. God fyr på grua, gjorde det til ei kjekke avslutning på Kløverturane. Anny Espe fortalte historia om bygging av Vaskehuset.
14 møtte for tur og avslutning idag.
Tusen takk til alle som har delteke på tur denne hausten.
Velkomen til Kløvertur igjen til våren.
Helsing oss tre i nemda ☘️







mandag 27. oktober 2025

Kløvertur torsdag 30.oktober 2025.

 KLØVERTUR

☘️ Parker bilen, eller gå til Nor Drikk( mot hovudinngang Plassen). Møtast der kl 16.30. Tur rundt Eidselva med avslutning i Vaskehuset i Jektehola. Ta med kaffi/drikke. Turnemnda står for servering. Velkomen til siste turen denne sesongen. Hugs du treng ikkje vere medlem for å gå med oss ☘️ 🚶🚶

mandag 20. oktober 2025

Kløvertur torsdag 23.oktober 2025.

 Velkomen til å bli med på KLØVERTUR torsdag 23. oktober. Turen går frå Hjelle skule og tursti mot Toregarden. Oppmøte ved Ingridtun kl 16.30. Ta med drikke og niste. Bli med

☘️ Du treng ikkje vere medlem for å gå med oss.


lørdag 11. oktober 2025

Kløvertur torsdag 16.oktober 2025.

 Velkomen til å bli med på KLØVERTUR torsdag 16.oktober. Oppmøte ved Ingridtun kl 16.30. Ta med drikke og niste. Vi går til Skipenes og skogsveg vestover. Bli med

☘️ Du treng ikkje vere medlem for å gå med oss 🚶🚶

mandag 6. oktober 2025

KLØVERTUR torsdag 9.oktober 2025.

 Velkomen til Kløvertur

☘️torsdag 9.oktober Felles avreise kl 16.30 frå Ingridtun. Ta med niste og drikke for pause. Tur til Nausa Gapahuk.
Bli med å gå med oss ☘️ 🚶🚶Du treng ikkje vere medlem i sanitetsforeininga.

fredag 3. oktober 2025

Medlemsmøte tysdag 7.oktober 2025.

 Velkomen til MEDLEMSMØTE tysdag 7.oktober, kl 19.00 -21.00. På Rådhuset.

Program: Informasjon frå lokalt/sentralt
Planlegging av Skulelunsjen den 14.okt
Basaren vår, veke 43. Med Basar i Betania 25.okt.
Tema: Eid Sogelag, ved Bjørn Kåre Moen.
Kaffi og kaffimat
Åresal
Hyggelig og sosialt treff ☘️